Sola kulturhus

Billetter: 51653460 — Resepsjon: 51653480

Odd Nordstoga

Søndag 4. mars

Odd Nordstoga er endelig tilbake i Sola kulturhus! Opplev ham live hos oss søndag 4. mars. 

-

ODD NORDSTOGA - KLØYVD TURNÉ FEBRUAR MARS 2018

Odd Nordstoga er klar med eit nytt studioalbum. Albumet, rett og slett ei dobbeltplate, har fått namnet «Kløyvd»

Noko av musikken har du kanskje høyrt, sidan seks spor er utgjevne på strøymetenestane i løpet av 2017. Låten «Fri» har du også ganske sikkert høyrt på radio. Den viste seg å vera ein solid radiohit, og verserte på topp 10 på radiolistene til langt ut på hausten. Dette albumet viser på sett og vis to sider av artisten og låtskrivaren Odd Nordstoga. Den eine sida er akustisk, forteljande og lenande mot vise- og countrygenren. Den andre er meir høgmælt, elektrisk og med kjenslene springande rett ut frå musikken.

Historiane på «Kløyvd» handlar ofte om strevet med å finne forløysing, finne fred, finne heilskap. Det er, som tittelen antydar, ikkje så lett for eg-personane på denne plata. Anten det er ein kval, ein nyskilt mann eller ein forvilla utflytjar det handlar om, så har dei ikkje funne heilt «heim».

Odd Nordstoga og hans fantastiske band gledar seg veldig til å koma ut å framføre denne plata! I tillegg lovast sjølvsagt ein utsøkt bukett låtar frå den etterkvart ganske omfattande back-katalogen. Dette kjem til å bli så moro. Dette kjem til å bli bra!

I bandet:

Øyvind Blomstrøm - gitar

Tor Egil Kreken - Bass

Torstein Lofthus - Trommer

David Wallumrød - Keyboards

Lyd: Anders Aasebøe

Ljos: Marius Schei Johansen

Arrangør: Sola kulturhus 

Når Pris Sal Lengde Servering Kjøp
Søndag 4. mars kl. 19.00 Ordinær: 450,- Hovedsal Ca 1 time Kiosk og bar Billett

Når

Søndag 4. mars kl. 19.00

Pris

Ordinær: 450,-

Sal

Hovedsal

Lengde

Ca 1 time

Servering

Kiosk og bar

Billett

Nettsiden er levert av Mandarin Design

Avbryt